Arego
kw:!support_us

Velkommen til symjegruppa!

Hei og velkommen til Stord si symjegruppe!

Me er ein god gjeng med små og store symjarar, inndelt i rekruttparti, aspirantparti og satsing. Me trenar i bassenget i Kulturhuset. 

Symjeskulen vår held til i rehabiliteringsbassenget i Myro. Les om den her!

Alle symjarar hos oss startar på rekruttpartiet først for å bli trygg i vatn og beherska symjeteknikkar. For å få byrje på svømmetrening i vår gruppe må barnet klare å symje 25 meter (ei lengde i bassenget ) av sikkerhetsårsaker. Rekruttpartiet trenar ein time i veka, enten tysdag eller torsdag. Alle må melde seg på treningane via Spond. Symjarane på rekrutttepartiet kan vera med på våre eigne internstemner (jul og sommar) og uapproberte (utan dommar) stemner i regionen. Utstyr som trengs: svømmebriller og badedrakt/svømmebukse.

Dei som er på aspirantpartiet trenar tre gongar i veka; to timar på mandagar, ein time på tysdag og to timar på fredag. Desse symjarane får no lov å vera med på approberte stemner (les meir om det hersom vert arrangert fleire gongar i semesteret, ulike stadar i regionen vår. Me ynskjer at symjarane på aspirantparti har svømmeklede som viser at dei representerer Stord symjing. Ta kontakt med trenar for å høyre meir om dette. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir!

Utstyr: svømmebriller, svømmeføter og badedrakt/svømmebukse.

Satsingspartiet består av to grupper, gruppe 1 og gruppe 2. Gruppe 1 trenar mandag, tysdag, torsdag, fredag og søndag i 2 timar. Gruppe 2 trenar mandag - søndag, to timar kvar dag. Satsingspartiet reiser på mange stemner i regionen og dei som kvalifiserer seg (her må ein klare visse krav på tider) får reise på Nordsjøstemne, UM, NM og liknande. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir og i haustferien er det treningsleir som alle på satsingspartiet får tilbod om å vera med på. 

Stord symjing arrangerer kvar vår eit eige stemne; Stord Swim Cup. Me er avhengige av dugnadshjelp frå foreldre for at me skal få til dette. 

Dugnad på handballfestivalen: 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK: Stord Symjing er ei open side for alle. For foreldre og symjarar: me brukar appen SPOND for informasjon, arrangement og påmelding til trening.

Les meir om kven som sit i STYRET, kven som er TRENARAR og våre TRENINGSTIDER.

Ta også ein kikk i HANDBOKA  - her finn du mykje god informasjon!

Kontakt