Arego
kw:!support_us

Velkommen til nettsida vår!

Hei og velkommen til Stord si symjegruppe!

Me er ein god gjeng med små og store symjarar, inndelt i minsteparti, mellomparti og satsing. Me trenar i bassenget i Kulturhuset. 

Symjeskulen vår held til i rehabiliteringsbassenget. Les om den her!

Alle symjarar hos oss startar på minstepartiet først for å bli trygg i vatn og beherska symjeteknikkar. Minstepartiet trenar ein time i veka, enten tysdag eller torsdag. Alle symjarane må melde seg på kvar trening via Spond. Symjarane på minstepartiet kan vera med på våre eigne internstemner (jul og sommar) og uapproberte (utan dommar) stemner i regionen. Utstyr som trengs: svømmebriller og badedrakt/svømmebukse.

Dei som er på mellompartiet trenar tre gongar i veka; to timar på mandagar, ein time på tysdag og to timar på fredag. Desse symjarane får no lov å vera med på approberte stemner (les meir om det hersom vert arrangert fleire gongar i semesteret, ulike stadar i regionen vår. Me ynskjer at symjarane på mellomparti har svømmeklede som viser at dei representerer Stord symjing. Ta kontakt med trenar for å høyre meir om dette. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir!

Utstyr: svømmebriller, svømmeføter og badedrakt/svømmebukse.

Satsingspartiet består av to grupper, gruppe 1 og gruppe 2. Gruppe 1 trenar mandag, tysdag, torsdag, fredag og søndag i 2 timar. Gruppe 2 trenar mandag - søndag, to timar kvar dag. Satsingspartiet reiser på mange stemner i regionen og dei som kvalifiserer seg (her må ein klare visse krav på tider) får reise på Nordsjøstemne, UM, NM og liknande. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir og i haustferien er det treningsleir som alle på satsingspartiet får tilbod om å vera med på. 

Stord symjing arrangerer kvar vår eit eige stemne; Stord Swim Cup. Me er avhengige av dugnadshjelp frå foreldre for at me skal få til dette. 

Me har også dugnader for klubben; badevakt for Kværner kvar laurdag og søndag. Sjå liste tilsendt på epost for kva tid du skal møte. 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK: Stord Symjing er ei open side for alle. For foreldre og symjarar: me bruker Spond som kommunikasjonsplattform og påmelding til trening.

Les meir om kven som sit i STYRET, kven som er TRENARAR og våre TRENINGSTIDER.

Ta også ein kikk i HANDBOKA  - her finn du mykje god informasjon!

Kontakt