Arego
kw:!support_us

Velkommen til symjegruppa!

Hei og velkommen til Stord si symjegruppe!

Me er ein god gjeng med små og store symjarar, inndelt i minsteparti, mellomparti og satsing. Me trenar i bassenget i Kulturhuset. 

Symjeskulen vår held til i bassenget på Nysæter. Les om den her!

Alle symjarar hos oss startar på minstepartiet først for å bli trygg i vatn og beherska symjeteknikkar. Minstepartiet trenar ein time i veka, enten tysdag eller torsdag. Ved sjukdom og fråvær frå trening, meld frå til trenar (sjå lista her). Symjarane på minstepartiet kan vera med på våre eigne internstemner (jul og sommar) og uapproberte (utan dommar) stemner i regionen. Utstyr som trengs: svømmebriller og badedrakt/svømmebukse.

Dei som er på mellompartiet trenar tre gongar i veka; to timar på mandagar, ein time på tysdag og to timar på fredag. Desse symjarane får no lov å vera med på approberte stemner (les meir om det hersom vert arrangert fleire gongar i semesteret, ulike stadar i regionen vår. Me ynskjer at symjarane på mellomparti har svømmeklede som viser at dei representerer Stord symjing. Ta kontakt med trenar for å høyre meir om dette. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir!

Utstyr: svømmebriller, svømmeføter og badedrakt/svømmebukse.

Satsingspartiet består av to grupper, gruppe 1 og gruppe 2. Gruppe 1 trenar mandag, tysdag, torsdag, fredag og søndag i 2 timar. Gruppe 2 trenar mandag - søndag, to timar kvar dag. Satsingspartiet reiser på mange stemner i regionen og dei som kvalifiserer seg (her må ein klare visse krav på tider) får reise på Nordsjøstemne, UM, NM og liknande. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir og i haustferien er det treningsleir som alle på satsingspartiet får tilbod om å vera med på. 

Stord symjing arrangerer kvar vår eit eige stemne; Stord Swim Cup. Me er avhengige av dugnadshjelp frå foreldre for at me skal få til dette. Våren 2020 er stemnet den 18.-19. april. Set av datoen allereie!

Me har også dugnader for klubben; badevakt for Kværner kvar laurdag og søndag. Sjå liste tilsendt på epost for kva tid du skal møte (gjeld mellom- og satsingsparti). 

Dugnad på handballfestivalen: for satsingsparti.

FØLG OSS PÅ FACEBOOK: Stord Symjing er ei open side for alle. For foreldre og symjarar: søk opp gruppa Stord Symjing Intern (kun for foreldre av symjarar og symjarane)

Les meir om kven som sit i STYRET, kven som er TRENARAR og våre TRENINGSTIDER.

Ta også ein kikk i HANDBOKA  - her finn du mykje god informasjon!

Kontakt
Kalender