Arego
kw:!support_us

Haustens AdO-Open

Helga 27.- 29. september reiste 22 av våre svømmarar til AdO-Open i Bergen. Det vart eit strålande stemne for Stord med mange gode personlege rekordar og ein imponerande innsats av såvel dei "nye" som dei erfarne. Eit tredagars stemne er tungt for kroppen, men alle våre svømmarar viste imponerande eigenskapar; her vart det henta fram krefter til å setja personlege rekordar siste dag, tilogmed!

Fredagen deltok Stord i 8 finalar på 50m fly (Nora Visnes, Tønnes Tønnessen, Tobias Stenersen og Odin Hildebrandt-Paulin), 100m bryst (Nora og Oskar Råen), og 50 m rygg (Elias Nordfonn og Tønnes). Odin tok med seg heim 1.plassen på 50m butterfly!

Laurdagen imponerte blant andre desse tre oss med ei solid persing og ein kanon innsats på den tunge øvinga 800m fri: Ida Helen Gudding, Didrik Gudding og Elias Nordfonn! Av finalar så var Odin og Tønnes med på 50m fri og 100m fly. Odin symde inn til ein flott 2.plass på sistnemde.

Søndagen vart nok ein flott dag: Tønnes og Odin deltok i finalar på 100m rygg, 50m bryst og 100m fri, og Odin tok med heim ein flott 3.plass på siste øving.

Kontakt
Kalender