Arego
kw:!support_us

Hardtrening i haustferien!

Årets haustferie er over og mange er nok lei seg for at late dagar er over for denne gong. Svømmegruppa sitt satsingsparti har ikkje hatt ein lat haustferie. Tradisjonen tru vart det også i år treningsleir, denne gongen til Matarò i Spania.

Ein gjeng på 35 personar, inkludert svømmarar og turistar reiste avgarde frå Sandvikvåg laurdag 5. oktober. Seint på kvelden ankom me Barcelona og vart køyrt til hotellet i Matarò. 

Kvar dag starta med frukost kl 08, oppvarming kl 09 og trening frå kl 09:30-11:30. Deretter var det lunsj og pause fram til ny trening kl 15-17:30. Etter siste trening var det middag på hotellet, samling for svømmarane og ørlite fritid. Me overnatta på eit fint hotell, me fekk grei mat og hadde kort veg til eit flott symjeanlegg. Utandørsbaseng på 50 meter, innandørsbasseng på 25 meter, treningsrom for styrke, aerobic, yoga, forballbane, solsenger og trimrom. Her var det ingen grunn til å ligge på latsida for oss som var turistar heller.

Det vart ikkje berre trening denne veka. Den eine dagen fekk me oppleva Ferrari-land, ein fornøyelsespark med blant anna berg-og dalbanar i ulike skrekkvariantar, simulatorar og ei flyreise over verda (må opplevast). 

Siste dagen var det klart for den tradisjonelle Valhalla challenge av Jim. Her er det berre å vente på melkesyra, for makan til utfordring skal du leite lenge etter. Her er diverse symjeøvingar kombinert med ulike antal landøvingar (sit-ups, burpees og push-ups) som skal utførast mellom.

Me er imponerte over innsatsen og moralen til denne gjengen som gav alt dei hadde frå start til slutt av denne treningsleiren! Gruppa med inkluderande og varme ungdommar er til å vera stolt over - takk for turen!

Kontakt
Kalender