Arego
kw:!support_us

Kva er LÅMØ, ÅM og ÅMØ?

LÅMØ, ÅM og ÅMØ er viktige mål for alle symjarar i Norge.

LÅMØ = Landsdel Årsklassemønstring
ÅM = Årsklassemesterskap
ÅMØ = Årsklassemønstring

Ein kan delta i LÅMØ det året ein fyller 11 år til det året ein fyller 16 år.
For å delta i LÅMØ må symjaren kvalifisera seg. Dette vert gjort gjennom LÅMØ øvingane.
Kvalifiseringsperioden til LÅMØ Landsdel er ca. 27. januar til ca 26. januar neste år = det året LÅMØ vert avhold.
De 24 beste i kvar av klassane 13 år til 16 år vil vera kvalifisert. For klassane 11 og 12 år held det å ha gyldig påmeldingstid på alle dei 5 øvelsane. Rangering skjer etter sammanlagt dei 4 beste poengsummane frå dei 5 LÅMØ-øvingane. Gyldig påmeldingstid må vera oppnådd på ALLE dei 5 distansene.

Rangeringslister ligg inne på medley.no (ranking –> LÅMØ ranking landsdel)
Rankinglista oppdateres fortløpende etter approberte stemner, men i tida mellom LÅMØ og ÅM er listene på nettet fryst (tider frå stemner i denne perioden registreres likevel og legges ut etter ÅM i april)

11 års klassen er med i kvalifiseringa, sjølv om kvalifiseringsperioden hovudsakleg foregår i det året dei er 10 år og dermed ikkje reknast som offisielle konkurransesymjarar. Tidene dei symjer på approberte stemner vil då ikkje bli offentliggjort før dei er i 11-årsklassen altså; rangeringslister for 11-års klassen vil bli klar 1. januar det året LÅMØ vert arrangert.

LÅMØ – øvelsar for 11-årsklassen (kvalifiseringsår= medan dei er i 10-årsklassen)
• 400 m fri
• 50 m butterfly
• 100 m bryst
• 100 m rygg
• 200 m medley

LÅMØ –øvelsar 12 – 16-årsklassen (kvalifiseringsår = året før)
• 400 m fri
• 100 m butterfly
• 200 m bryst
• 200 m rygg
• 200 m medley

LÅMØ
I Norge vert LÅMØ halden i 5 landsdelar. Stemnet vert arrangert i februar/mars, på samme dag og klokkeslett i alle landsdelane. Alle deltakarar må delta i alle LÅMØ øvelsane. Det vert delt ut gull, sølv og bronse i kvar klasse for kvar øvelse. I tillegg vert det delt ut ein samenlagtpremie for 1. – 6. plass i kvar årsklasse. Sammenlagtrangeringa vert gjort etter Fina poeng kor 4 og 5 øvelsar tel. 11- og 12- årsklassen får i tillegg deltakarpremie.

ÅM
LÅMØ gjeld som direktekvalifisering til ÅM (Årsklassemesterskap) for årsklassane 13-16 år.
Etter at LÅMØ er avslutta vert det laga ei nasjonal rangeringsliste for alle 11- og 12- åringane. Dei tre beste 11- og 12-åringane på landsbasis vil få tilsendt diplom fra NSF.
For 13-16-årsklassane er dei 24 beste i kvar klasse (landsbasis) kvalifisert. Rangering skjer etter samanlagt dei 4 beste poengsummane frå dei 5 ÅM-øvelsene. LÅMØ nyttast som påmeldingstid for alle øvelsar i ÅM bortsett frå på 200m IM. ÅM vert arrangert i starten av april.

Kontakt
Kalender