Arego
kw:!support_us

Symjeskulen startar opp att!

Endeleg startar symjeskulen vår opp att!

Årets symjeskule blir på tysdagar i rehabiliteringsbassenget (Myro på Leirvik). Oppstart blir tysdag 15. september.

Me vil sjølvsagt gjennomføre symjeskulen i tråd med gjeldane smittevernreglar  og minner spesielt om at born må vera heilt friske for å delta på treningane.

For påmelding: gå til www.tryggivann.no - skroll ned på sida til du finn 'søk etter aktivitet', velg Stord, velg kurs og velg 'meld meg på'. 

Usikker på kva kurs du skal velge? Les om kursa her.

Velkommen til symjeskulen!

Kontakt