Arego
kw:!support_us

Stord på Techouse Open i Stavanger

Stord-symjarane imponerte på Techouse Open i Stavanger helga 24.-26. mai. 20 av våre symjarar frå satsingspartiet var med i den flotte symjehallen i Stavanger og drog til med solide persar og gode pallplasseringar. Av finaleplassar nemner me Tønnes Valvik Tønnessen med 1.plass på 200m butterfly og 2. plass på 50m butterfly. Didrik Gudding fekk 1. plass på 200m fri og 2. plass på 50 rygg. Nora Visnes klarte 2. plass på 50m bryst og Anna Kjøpstad RImmereide tok 3. plass på same distanse.

Fleire imponerte med solide personlege rekordar og me nemner Ida Helen Gudding som symde inn til ein fin 4.plass på 800m fri. Elias Nordfonn persa med 4.72 sek og tok ein fin 3.plass på 100m medley. Ellinor Isaac persa flott med 4.21 sek på 200m fri. Ingrid E.Undheim tok ein god 5. plass på den krevjande øvinga 200m medley (butterfly, rygg, bryst, crawl). Magnus K. Onarheim og Christoffer H. Barane persa også solid med henholdsvis 7.12 og 6.04 sek på 100m medley. Imponerande!

Det må også nemnast at Tønnes Valvik Tønnessen klarte UM-kravet på 200m butterfly! Gratulerer!

Vellukka Stord Swim Cup 2019!

Vårens store symjeeventyr på Stord 11.-12. mai er avvikla og me kan melda om eit svært vellukka arrangement! Omlag 350 symjarar frå mange ulike klubbar i Hordaland og Rogaland stilte til start, både på den approberte og den uapproberte delen. Her var utøvarar frå Arna SLK, Åstveit SK, Austevoll SK, BSC, Vestkantsvømmerne, Bergensvømmerne, Delfana, Haugesund, Solid, Trio og Karmøy. Sjølve stilte me med 55 utøvarar og mange fekk personlege rekordar og deltok i finalar. Me gratulerer Nora Visnes, Sondre Fjeldstad og Iver Thoresen Malme med solide plasseringar!

Mange timar dugnad er lagt ned både frå styret, foreldre og andre frivillege. Me vil takka alle som har bidrege. Ein spesiell takk til stemnekomitèen, leia av Leif Magne Malme, for eit flott arrangement!

Velkommen attende til Stord Swim Cup 18. - 19. april 2020!

            

5 på Sandnessprinten

Helga 27.-28. april var 5 av symjarane frå mellompartiet på Sandnessprinten. Mange flotte persar og god innsats! Me nemner Annie Onarheim som fekk 3.plass i sin årsklasse på 100m bryst, Magnus Onarheim persa med heile 5.73 sek på 100m bryst og 6.22 sek på 100m rygg, Thea Nylund med pers på 4.45 sek på 100m rygg, Kevin Hillesdal persa på 50m bryst, 50 m rygg og 50 m fri og Eva Tesdal som fekk gode tider på 50m fri, 50m bryst og 100m fri. Flott innsats - gratulerer!

Bergen Swim Festival 2019

 

Helga 5.- 7. april var 17 utøvarar frå satsingspartiet på Bergen Swim Festival i AdO arena. Dette var eit langdistanse-stemne med både internasjonale og nasjonale symjarar. Nivået var høgt og stemninga var god heile helga.

Våre symjarar fekk mange personlege rekordar i 50-meters bassenget og gjorde ein flott innsats! 

Me nemner også at Odin Hildebrandt-Paulin klarte NM-kravet for junior på 100 m fri, 50 m butterfly og 50 m fri. Ein imponerande prestasjon!

LÅMØ Vest 2019!

Frå venstre: Nora Visnes, Tobias Emanuelsson Samuelsen, Lovise Kjøpstad Rimmereide, Lars Isdahl Føyen, Tønnes Valvik Tønnessen,Didrik Gudding og Odin Hildebrandt Paulin

Frå venstre: Nora Visnes, Tobias E. Samuelsen, Lovise Kjøpstad Rimmereide, Lars Isdahl Føyen, Tønnes Valvik Tønnessen, Didrik Gudding og Odin Hildebrandt-Paulin

Denne kjekke gjengen frå Stord Symjing deltok i årets LÅMØ Vest på Karmøy 15.-17. mars! Dei presterte godt med 21 personlege rekordar på stemnet og representerte Stord Symjing på ein flott måte! Gratulerer til alle! Ein ekstra gratulasjon til Tønnes Valvik Tønnessen som kom på 5.plass for gutar årsklasse 2005!

To av våre symjarar kvalifiserte seg også til ÅM i juni: Nora Visnes og Tønnes Valvik Tønnessen! For å verta kvalifisert må ein vera blant dei 30 beste i sin årsklasse i landet. 

Kvalifisering til LÅMØ pågår frå januar/februar eit år til januar/februar året etter på øvingane 400m fri, 200m rygg, 200m bryst, 100m butterfly og 200m individuell medley. Det er eit stemne som krev at symjaren er allsidig, har god teknikk og er uthaldande.

Usikker på kva LÅMØ og ÅM er? Les meir om det her.

VÅRSESONGEN 2019 ER I GONG!

Me er godt i gong med vårsesongen i symjegruppa! Denne våren ventar nye basseng og nye persar - og me gler oss!

Les om dei siste stemna me har vore på.

Kontakt