Arego
kw:!support_us

Velkommen til nettsida vår!

Hei og velkommen til Stord si symjegruppe!

Me er ein god gjeng med små og store symjarar, inndelt i rekruttparti, aspirantparti og satsing. Me trenar i bassenget i Kulturhuset. 

Symjeskulen vår held til i rehabiliteringsbassenget. Les om den her!

 Alle symjarar hos oss startar på rekruttpartiet først for å bli trygg i vatn og beherska symjeteknikkar. For å få byrje på svømmetrening i vår gruppe må barnet klare å symje 25 meter (ei lengde i bassenget ) av sikkerhetsårsaker. Rekruttpartiet trenar ein time i veka, enten tysdag eller torsdag. Alle symjarane må melde seg på kvar trening via Spond. Symjarane på rekruttpartiet kan vera med på våre eigne internstemner (jul og sommar) og uapproberte (utan dommar) stemner i regionen. Utstyr som trengs: svømmebriller, badehette og badedrakt/svømmebukse.

Dei som er på aspirantpartiet trenar tre gongar i veka; to timar på mandagar, ein time på tysdag og to timar på fredag. Desse symjarane får no lov å vera med på approberte stemner (les meir om det hersom vert arrangert fleire gongar i semesteret, ulike stadar i regionen vår. Me ynskjer at symjarane på aspirantparti har svømmeklede som viser at dei representerer Stord symjing. Ta kontakt med trenar for å høyre meir om dette. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir!

Utstyr: svømmebriller, badehette, svømmeføter, brett og badedrakt/svømmebukse.

Satsingspartiet består av to grupper, gruppe 1 og gruppe 2. Gruppe 1 trenar mandag, tysdag, torsdag, fredag og søndag i 2 timar. Gruppe 2 trenar mandag - søndag, to timar kvar dag. Satsingspartiet reiser på mange stemner i regionen og dei som kvalifiserer seg (her må ein klare visse krav på tider) får reise på Nordsjøstemne, UM, NM og liknande. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir og i haustferien er det treningsleir som alle på satsingspartiet får tilbod om å vera med på. 

Stord symjing arrangerer kvar vår eit eige stemne; Stord Swim Cup. Me er avhengige av dugnadshjelp frå foreldre for at me skal få til dette. 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK: Stord Symjing er ei open side for alle. For foreldre og symjarar: me bruker Spond som kommunikasjonsplattform og påmelding til trening.

Les meir om kven som sit i STYRET, kven som er TRENARAR og våre TRENINGSTIDER.

Ta også ein kikk i HANDBOKA  - her finn du mykje god informasjon!

NM langbane

Stord symjing hadde ein kvalifisert symjar til årets NM langbane. Stemnet var i AdO arena i Bergen, 3.-6. juli og Odin Hidlebrandt-Paulin reiste ilag med trenar Halvor Landmark. Mykje godt treningsgrunnlag var lagt i forkant, men det har vore få stemner å teste formen på det siste året. Likevel vart NM langbane ein opptur med mange gode økter og personlege rekordar for Odin! Pers på 100 m butterfly (1.00.09) og 50 m butterfly, i begge desse øvelsane klarte han seniorkrav til langbane NM. Ei flott avslutning på meisterskapet med pers på 50 m fri og nok eit seniorkrav i boks! Me er stolte og gratulerer Odin!!

 

Stord Swim Cup 2021 - avlyst.

Diverre har styret sett seg nøydde til å avlysa årets Stord Swim Cup, som skulle gått av stabelen 10.-11.april.

Me satsar for fullt mot 2022!

Nordsjø 2020

Ein litt annleis variant av Nordsjøstemnet gjekk av stabelen i helga og fire av våre symjarar var kvalifiserte. I år vart det eit nasjonalt stemne med mange restriksjonar og inndeling av grupper. Odin Hildebrandt-Paulin, Tønnes Valvik Tønnessen, Nora Visnes og Elias Nordfonn reiste til Stavanger for å teste formen og status. Resultata var oppløftande og symjarane viser at treninga dei gjennomfører dagleg viser att på resultatlista. 

Me er stolte over prestasjonane og heiar på Stordsymjarane våre!

Hausten 2020 er i gong!

 

Hausten 2020 er i gong for symjegruppa! Med godt fokus på smittevern er alle gruppene no i gong igjen og me håpar på mykje symjeglede dette semesteret!

Første post på programmet er ein koronavennleg OPPSTARTSLEIR 28.-30. august i Bømlo symjehall.

Symjeskulen startar opp att i midten av september og vert halde i rehabiliteringsbassenget i Myro. Søk plass på www.tryggivann.no.

Me minner om dei viktige smittevernreglane:

- hald avstand

- vask hendene

- ikkje møt på trening dersom du er sjuk!

 

Skagerak Swim

Den 24.-26. januar i år reiste 13 symjarar frå Stord til Kristiansand for å delta på det store stemnet Skagerak Swim. Dette er eit langbanestemne (50 m) og eit av dei største stemna gruppa er med på - heile 800 deltakarar frå inn- og utland.

Mange tok med seg heim nye langdistanse-persar, og nokre medaljar tok me også med oss heim! God svømt, Stord!!

Første stemne i 2020!

Første stemne i 2020, som så mange andre år, er Haugaland Kraft Open helga 11.-12. januar. Tretten av våre svømmarar frå mellom- og satsingspartiet reiste til Karmøy for å prøva seg på årets LÅMØ-kvalifisering og andre personlege rekordar. God innsats og flotte rekordar i bassenget denne helga!

Årets siste challenge!

Tradisjonen tru vart det også i år mulighet for langsymjing i juleferien. Mange stilte opp for å symja 5000, 7500 og 10000 meter i bassenget før nyttårsfeiringa braka laus. Flott innsats, god stemning og kjekke folk!

CC Solutions Cup, 7.-8. desember

Årets siste stemne var på Slåtthaug Arena helga 7.-8. desember. Tretten svømmarar frå Stord sitt mellom- og satsingsparti var med denne helga og viste at formen er god no på tampen av året. Mange fekk gode personlege rekordar og nokre nådde finalane denne gongen også. Ei knallkjekk helg i Bergen!

North Sea Swim Meet - Nordsjøstemnet

Nordsjøstemnet er eit internasjonalt stemne med høge kvalifiseringskrav. I år klarte 10 av våre symjarar å kvalifisera seg. Åtte symjarar reiste til Stavanger den 1.-3. november; Vebjørn Fjeldstad, Hedda Aas Løken, Elias Nordfonn, Iver Thoresen Malme, Odin Hildebrandt-Paulin, Tønnes Valvik Tønnessen og Nora Visnes. Mange fekk gode resultater individuelt og alle fekk prøva stafett-ferdighetene. Odin Hildebrandt-Paulin klarte 2. plass i finale på 50m fri og 3. plass på 50m fly! Gode persar på 50m bryst for Hedda Aas Løken og i same øving samt 100m medley for Tønnes Valvik Tønnessen. Flott innsats av Stordsymjarane!

NM Ungdom, AdO Arena

Seks av våre svømmarar kvalifiserte seg til NM Ungdom som gjekk av stabelen i AdO-arena 18.-20.oktober! Nora Visnes, Odin Hildebrandt-Paulin, Tønnes Valvik Tønnessen, Ida Helen Gudding, Didrik Gudding og Elias Nordfonn var gode representantar for Stord symjing denne helga. Ein god innsats av alle saman i ei tevling med hard konkurranse.

Hardtrening i haustferien!

 

Årets haustferie er over og mange er nok lei seg for at late dagar er over for denne gong. Svømmegruppa sitt satsingsparti har ikkje hatt ein lat haustferie. Tradisjonen tru vart det også i år treningsleir, denne gongen til Matarò i Spania.

Haustens AdO-Open

Helga 27.- 29. september reiste 22 av våre svømmarar til AdO-Open i Bergen. Det vart eit strålande stemne for Stord med mange gode personlege rekordar og ein imponerande innsats av såvel dei "nye" som dei erfarne.

Haustens fyrste stemne!

Haustens første symjestemne, Araberswim i Haugesund, gjekk av stabelen helga 15.-16 september! Stord stilte med 15 symjarar og imponerte med knallgod symjing! 

Stordsymjarar i NM-langbane

Fem av våre eminente symjarar deltok i årets NM i langbane!

Gøy på AdO-cup!

Helga 14.-16. juni var 23 symjarar frå mellomparti og satsing på plass i AdO-arena i Bergen klare for 50-meters basseng og nye persar!

 

 

Årsklassemesterskap på Klepp

Desse tre Stordsymjarane, Tønnes Valvik Tønnessen, Nora Visnes og Odin Hildebrandt-Paulin, deltok i årets Årsklassemesterskap på Klepp, 8.-10. juni.

Kontakt med Stord Symjing

NY EPOSTADRESSE SIL@gmail.com

Kontakt